Det var snakk om langt fleire wunderbaum enn denne eine i bilen som vart stoppa natt til søndag. ( Illustrasjons
Det var snakk om langt fleire wunderbaum enn denne eine i bilen som vart stoppa natt til søndag. ( Illustrasjons

Fekk pålegg om å fjerna wunderbaum frå frontruta

Ikkje berre køyrde han for fort, men ei dugande mengde wunderbaum hindra også sikten for ein førar på Halhjemsvegen natt til søndag.

Like før klokka eitt natt til søndag vart ein bil med for høg fart stogga på Halhjemsvegen.

Føraren fekk tilsnakk av patruljen.

Artikkelen held fram under annonsen.

På grunn av ei stor mengde wunderbaum i frontruta, informerte politiet om at dette ikkje var lov og bad han fjerna desse.

Stolne påhengsmotorar

Søndag ettermiddag fekk politiet i Os melding om ein stolen båt i Særvollvika, i enden av Knutavegen.

Då eigaren fann att båten, delvis på land i området, såg han at motoren, einYamaha 150 hk, var borte.

Ved sida av båten hans låg ein annan båt som også mangla motor.

Ingen andre verdigjenstandar var tekne frå båtane.

– Ein motor med 150 hestekrefter er så tung at det truleg har vore fleire som har delteke for å få det til, seier vakthavande hos politiet.

Spor på staden kan tyda på at det er brukt ein tilhengjar for å frakta vekk motorane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tjuveriet skal ha skjedd ein gong mellom søndag 15. september og fredag 20. september.

– Om nokon har sett noko mistenkjeleg i området desse dagane eller i andre båthmner, ber vi dykk ta kontakt med politiet, seier vakthavande.

Han ber også båteigarar om å sjekka båtane sine for å sjekka om andre motorar eller gjenstandar kan vera stolne.

Utidig innblanding

Ein mann blanda seg då politiet kontrollerte nokre motorsyklar i Os sentrum. Trass fleire anmodningar om å ikkje forstyrra politiet, slutta han ikkje.

Mannen enda difor med eit pålegg frå politiet om å forlata sentrum. Han vart også forklart at ein konsekvens av å ikkje fylgja dette pålegget, ville få han meld.

Mannen ser ut til å ha etterkome pålegget.

Taua vekk frå Lekvenmarka

Same natt vart patruljen informert om ein merkeleg plassert bil i Lekvenmarka. Bilen stod delvis på fortauet og delvis i vegbana.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det lukkast ikkje å koma i kontakt med eigar slik at bilen kunne verta fjerna. Bilen vart vurdert til å stå trafikkfarlig til, og taua bort av Viking.

jostein@osogfusa.no