God sesong: Fem laks har Leif Idar Røen fiska opp frå elva i sommar. Her kjempar han mot «eit beist».

Fekk svær laks på kroken: Sjå video av 60-åringen sin kamp med fisken

Det har vore ein strålande sesong i Oselva for Leif Idar Røen (60) så langt, men kvar kamp kan ein ikkje vinna.

— Det kom nokre ukvemsord til slutt der?

— He-he, ja, det gjorde så. Sjølve kampen med fisken er halvparten av moroa med å fiska, seier Røen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rett etter at kampen var over, pakka Røen saman og gjekk heim, men det var ikkje fordi han var skuffa over at laksen fekk symja vidare.

— Det var heilt dødt i elva torsdag. Eg var på veg til å gå heim for å eta middag då sværingen beit på. Eg hadde ikkje fleire makkar igjen, seier Røen.

Det var ein lang kamp. I videoen under kan ein sjå dei siste vel tre minutta.

Tidlegare i sommar fekk osingen ein laks på kring seks kilo. Den han hadde på stonga torsdag, var vesentleg større, ifølgje fiskaren.

— Du ser nok på fiskestonga at det ikkje er eg som er i kontroll. Det er laksen som styrer showet. Fisken var vesentleg større enn den eg fekk tidlegare i år. Eg vil tippa kring ti kilo.

Vidare fortel Røen at når ein held på med å fiska, er det opplevinga i seg sjølv som er det største høgdepunktet.

— Når ein først har fått laksen på land, så går han i frysen, før han seinare blir middagsmat. Det er kampen som er kjekkast, seier han og legg til:

— Opplevingar som i går gjer ikkje akkurat interessa mindre. Ein får jo berre lyst til å gå attende med ein gong, men så er det andre ting ein skal gjera òg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fangst: 2. juni fekk Leif Idar Røen ein laks på 6,1 kilo.

Så langt har 60-åringen drege opp fem laks. Sesongen i Oselva har vore utruleg bra.

— Det har vore bra med vatn i elva heile sesongen. Det hjelper på. Elva har gått litt opp og ned. Den siste tida har det gjerne vore for mykje vatn for lenge. Det gjer at det er vanskelegare å få laksen til å bita, seier han.

Sesongen starta 1. juni og blir avslutta 31. august.