Fungerer etter planen: Ingen av dei som er testa, skal vera alvorleg sjuke. Kommuneoverlege Klaus Melf melder at alt fungerer etter planen, og at ein snart vil få svar på prøvene.

Fem bjørnafjordingar er testa for koronaviruset

Det er venta svar på prøvene dei nærmaste dagane. Enn så lenge familiane i heimekarantene.

Bjørnafjorden kommune opplyser via nettsida si at det framleis ikkje er påvist smitte i kommunen. Men til saman fem personar skal ha blitt testa tysdag og i dag, onsdag. Prøvene er sende til Haukeland sjukehus for analyse. Personane som er testa skal ikkje vera alvorleg sjuke.

Kommuneoverlege Klaus Melf melder at alt fungerer etter planen, og at han ventar svar innan 1–2 dagar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Alle dei fem er relaterte til reise i område med vedvarande spreiing av viruset, og er isolerte i heimen. Alle som bur saman med dei som er testa, er også i heimekarantene.