Påvist: Kommunen har måndag melde om ti påviste tilfelle av covid-19 i Bjørnafjorden kommune.

Fem nye tilfelle av covid-19: Ein tre månader gammal baby er blant desse

Fem personar har fått påvist covid-19 i Bjørnafjorden kommune i dag, 16. november. Mellom dei er ein tre månader gammal baby, som er på betringas veg.

Det skriv kommunen i ei pressemelding.

Mann i 50-åra. Kjend smitteveg, nærkontakt til bekrefta smitta i Bjørnafjorden kommune.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kvinne i 50-åra. Kjend smitteveg, nærkontakt til bekrefta smitta i Bjørnafjorden kommune.

Jente på 3 månader. Kjend smitteveg, nærkontakt til bekrefta smitta i Bjørnafjorden kommune.

Kvinne i 40-åra. Kjend smitteveg, nærkontakt til bekrefta smitta i Bjørnafjorden kommune.

Mann i 30-åra. Smittesporing held på.

Les også
Fem nye tilfelle - eitt med uavklart smitteveg

Nærkontaktar er varsla i alle tilfella.

— Det er klart det kjennest spesielt når ein liten baby testar positivt for covid-19, og ein skal uansett alltid følgje ekstra med når så små får ein infeksjon. Den vesle jenta har hatt lette symptom, med feber og litt tette luftvegar. Men no er ho feberfri og på betringas veg, opplyser assisterande kommuneoverlege Jonas Nordvik Dale i pressemeldinga.

Tidlegare i dag melde kommunen om fem tilfelle søndag. Til saman har det då altså måndag kome melding om ti tilfelle.