Kontroll: Utrykkingspolitiet (UP) gjennomførte torsdag formiddag laser- og promillekontroll på Halhjemsvegen.

Fem sjåførar har litt mindre å rutta med etter å ha blitt stoppa av UP i dag

Utrykkingspolitiet (UP) har i formiddag hatt laser- og promillekontroll på Halhjemsvegen.

Vest politidistrikt opplyser på Twitter at dei torsdag formiddag har hatt laser- og promillekontroll på Halhjemsvegen.

Der skal totalt 41 køyretøy ha blitt kontrollerte.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tre førarar fekk førelegg for fart, der høgaste hastigheit blei målt til 79 km/t, opplyser politiet.

Éin sjåfør fekk pålegg for mobilbruk, og éin sjåfør skal ikkje ha brukt bilbelte, og fekk eit førelegg som følgje av det.