Ferja er innstilt grunna tekniske problemer. (Arkivfoto)
Ferja er innstilt grunna tekniske problemer. (Arkivfoto)

Ferja innstilt til tysdag morgon

MF Fosen står grunna tekniske problemer. Adm. dir i FosenNamsos Sjø, kan ikkje garantera at ferja går i morgon tidleg.

- Ferja står grunna eit teknisk problem med motoren. Ferja må på verkstad for reparasjon, seier administrerande direktør i FosenNamsos Sjø, Grete Fuglem Tennås.

Dei vågar ikkje å starta motoren, i frykt for å øydeleggja han. Difor ligg ferja framleis til kai på Venjaneset.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me ventar på taubåt. Det er ikkje avklart når denne kjem, seier Tennås.

I verste fall vil MF Fosen bli liggjande over natta, og vidare inn i morgontimane.

- Me håpar sjølvsagt at taubåten har henta ferja før ruta startar i morgon tidleg. Om MF Fosen blir henta og frakta til verkstaden i kveld, kan det henda at han er i orden til i morgon. Om reparasjonene tek lengre tid, vil MF Marstein ta over ruta, seier Tennås.

Ho vil samstundes oppmoda dei som har lyst til å halda seg oppdatert på status for ferja til å melda seg på SMS-oppdateringa på heimesida til FosenNamsos Sjø.

- Tenesta er gratis, og ein får beskjed så fort det er noko, seier ho.

Oppdatert:

FosenNamsos Sjø melder at det blir normal drift i ferjesambandet Hatvik - Venjaneset i dag tysdag.