Utbetra: Reparatørane var på plass på Venjaneset kring kl 8. Feilen vart raskt utbetra og ferja er i normal drift.

Ferjesamband har opna att etter morgonstopp

Teknisk feil skapte problem i morgontimane.

Hatvik-Venjaneset går som normalt frå klokka 8.25. Det melder Fjord1 på si heimeside.

Ferja vart tidlegare i dag innstilt inntil vidare etter teknisk feil med ferjebrua på Venjaneset.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er usikkert kva feilen er, men mest sannsynleg er det utfordringar med hydraulikkanlegget, opplyste regionleiar Tor Kristoffersen i Fjord1.

Reparatørane er no ferdige på staden.

Det skal ikkje ha vore nokon alvorleg feil, og det gjekk heldigvis raskt å utbetra den.