Fusaferjo: Klassisk ruskevêr-scene frå overfarten mellom Hatvik og Venjaneset.

Ferjetrafikken går som normalt: — Gjer fortløpande vurderingar

Fjord1 og Torghatten Nord følgjer vêret nøye.

Medan det er meldt ekstremvêr på Nordvestlandet og i Trøndelag, er det sendt ut gult farevarsel for kraftige vindkast i Bjørnafjorden og fylket elles. Spesielt i ettermiddag og kveld skal det auka på.

I fylgje meteorolog Lenidis Tsopouidis vil vinden frå sør koma opp i 33-35 meter i sekundet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Melder om orkan i kasta
Les også
— Ta ansvar for eigedelane dine og sikra lause gjenstandar

— Vi gjer fortløpande vurderingar, men basisvinden er ikkje så ille. Det er vindkasta som er verst, seier regionsjef i Fjord1, Tor Kristoffersen til Os & Fusaposten onsdag føremiddag.

Fjord1 har ingen planar om endringar på sambanda Hatvik-Venjaneset og Halhjem-Våge. I verste fall vil det bli snakk om kortvarige innstillingar, seier han.

Du kan følgja med på trafikkmeldingar hos Fjord1 her.

Les også
Rekn med forseinkingar: Større køyretøy må rygga ombord
Les også
Ferjesamband var innstilt. Starta opp att kl 13

— Det har vore ein del tekniske utfordringar på Halhjem-Våge dei siste par vekene. Korleis er stoda der no?

— Det stemmer at vi har hatt nokre utfordringar. Det var problem med ein fallem som måtte utbetrast, men det er reparert og skal vera i orden no, seier han.

Fryktar torsdagen meir

Hos Torghatten Nord som driftar Halhjem-Sandvikvåg, reknar dei med at sambandet vil ha normal drift i dag, «med atterhald om endringar».

—Ja, slik vêrmeldingane ser ut, reknar vi med det. Men det kan bli utfordringar torsdag morgon og utover, seier driftssjef Anders Tøsse.

Årsaka er endra vindretning og melding om sterke vindkast.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Vi oppmodar alle reisande tul å oppdatera seg på Torghatten Nords heimeside før dei skal ut og reisa, seier han til slutt.