Ny auke: Os & Fusaposten kan gleda seg over ny opplagsauke. Her frå folkefesten på Kuventræ då Os tok i mot Brann til cup-kamp, då avisa sende direkte frå oppladinga.

Ferske tal: Svært gode nyhende for Os & Fusaposten og andre LLA-aviser

La fram nye opplagstal for heile avisbransjen.

Landslaget for lokalaviser (LLA) og Mediebedriftenes Landsforening (MBL) har lagt fram nye opplagstal for heile avisbransjen.

LLAs medlemsaviser aukar totalopplaget med 2850, ein auke på 0,8 prosent.

Artikkelen held fram under annonsen.

For Os & Fusaposten sin del, viser tala for første halvår 2022 ein auke på 302 samanlikna med same periode i fjor. Dette er femte året med auke for lokalavisa.

Det offisielle opplagstalet for Os & Fusaposten i første halvår 2022 var dermed 5.733.

– Dette er fantastiske tal, og vi er svært glade for at vi når lengre og lengre ut. No skal vi gjera det vi kan for å laga meir relevant stoff for lesarane våre, og forhåpentligvis kapra endå fleire nye abonnentar i tida framover, seier redaktør Jostien Halland, som skryter av staben som gjennom dei siste åra har lagt ned ein stor innsats og sytt for at Os & Fusaposten har teke stadig nye steg.

Blant LLAs over 100 lokalaviser går omtrent halvparten av avisene litt fram, den andre halvparten litt tilbake.

LLAs generalsekretær Tomas Bruvik gler seg over dei nye opplagstala.

– Det er veldig kjekt å sjå at lokalavisene framleis har auke i opplaget. Lokalavisene leverer viktig og unikt innhald som vi ser at abonnentane set pris på. Vi er sjølvsagt spent på utviklinga no som mange får trongare privatøkonomi, men vi håpar at folk vil halda fram med å sjå viktigheita av lokalavisa si, seier Bruvik.