I starten av Dalsvegen støtte Anne Rødberg forbi denne bortkomne trampolinen. Ho prisar seg lukkeleg for at det ikkje var folk på vegen då trampolinen blåste ut på vegen.
I starten av Dalsvegen støtte Anne Rødberg forbi denne bortkomne trampolinen. Ho prisar seg lukkeleg for at det ikkje var folk på vegen då trampolinen blåste ut på vegen.

– Fest trampolinane. Stormen er ikkje over

– Slik lyder oppfordringa frå brannsjef Stein Gjøsund fredag morgon.

– Om folk ikkje har pakka saman trampolinen sin, store utemøbler eller andre ting som kan fyka med vinden, så bind dei godt fast, seier brannsjefen.

Kan forårsaka ulukkar

Anne Rødberg var ute og køyrde i Hagavik fredag morgon og klarte berre så vidt å styra unna ein trampoline som var på avvege i starten av Dalsvegen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg var tidleg oppe for å køyra dottera på jobb, men det verka som om andre hadde flytta på trampolinen. Eg vågar ikkje tenkja på kva som kunne skjedd om trampolinen hadde treft ein bil, eller endå verre, ein gåande, seier Rødberg.

Ho legg til at det også var deler av eit gjerde som hadde blåse ut i vegbanen.

Langedalen stengd

Gjøsund opplyser om at han til no ikkje har fått så mange telefonar om «flygande» trampolinar, men minner om at eigarane har eit ansvar for at dei ikkje fyk av garde i stormen som denne.

– Elles har me fått ein del meldingar om nedrivne tre, og tre som har falt over straumleidngar. No har me nett fått melding om at eit tre har velta i Lysekloster-enden av Langedalen. Vegen er no stengd for gjennomkøyring medan, BKK jobbar for å ordna leidninga, seier Gjøsund.

Ifølgje vêrmeldingane skal det blåsa kraftig til ut på laurdag.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no