(
( Foto: Egil Blomsø

Festa høglydt og kasta snus på naboen sin terrasse

Måtte kontakta politiet etter sjølv å ha prøvd å roa ned dei festglade naboane utan å lukkast.

Politiet fekk melding rett over klokka 23 torsdag kveld om forstyrring av natteroa i Lekvenmarka.

– Det skal ha vore ein gjeng som festa høglydt i Lekvenmarka. Dei skal også ha kasta snus over på meldar sin terrasse. Oppførselen har gjort meldar oppgitt, spesielt då vedkomande har born, fortel politioverbetjent, Anne Lyssand.

Etter at meldar skal ha teke kontakt med naboane og bede om at dei roa seg ned, og det ikkje fungerte, var neste steg å kontakta politiet.

– Patruljen har ikkje vore på staden. Det blei venta på for å sjå om det roa seg ned. Politiet fekk ikkje fleire meldingar om saka, fortel Lyssand.

Leverte inn barnebankkort

Nokre born skal ha funne eit barnebankkort i Os sentrum på Osdagane torsdag. Dette leverte dei til politiet, som igjen fann eigar og returnerte kortet.

– Det er veldig kjekt at borna tok kontakt med oss slik at bankkortet kunne finna tilbake til eigaren, seier Lyssand og legg til at politiet vil vera synlege på Osdagane.

– Vi kjem til å fotpatrulje i gatene ved høve.