Festbråk i Hagavik og haltande hjort i Skeisflaten

Patruljen i Os har hatt enkelte små-oppdrag siste døgn.

Nore Neset har bydd politiet på litt av kvart siste døgn.

Men først, litt etter klokka 13 måndag fekk politiet melding om eit trafikkuhell ved Halhjem ferjekai.

Det viste seg å vera ein motorsykkel som hadde velta, men sykkelen kom på «beina att» og køyrde vidare, opplyser fungerande politistasjonssjef Anne Lyssand.

Artikkelen held fram under annonsen.

Seinare same dag fekk politiet melding om ein hjort som halta i Skeisflaten på Nore Neset.

Ettersøksringen vart varsla og overtok oppdraget.

I eitt-tida natt til tysdag fekk politiet melding om feststøy frå ei adresse i Hagavik.

Meldar ringde huseigar, og det vart stille. Ei stund.

Deretter drog politiet til staden og gav huseigar eit muntleg pålegg. Noko han etterkom.

Skogafjelltunnelen

Klokka 1.50 i natt observerte politipatruljen ein motorsykkel med stor fart på E39 Skogafjelltunellen.

— Det vart ikkje gjort måling av MC-en, men førar fikk ei irettesetjing på monaleg stor fart inne i tunnelen, opplyser Lyssand.