Dei fleste vil tole det: Overlege Preben Aavitsland i Folkehelseinstituttet seier salmonellainfeksjonar stort sett går over av seg sjølv og at det er noko dei fleste vil tole.

FHI urolege etter salmonellautbrot. Intervjuar pasientar om kva dei har ete

FHI jobbar breitt for å finna årsaka til det nasjonale salmonellautbrotet. FHI er urolege over at dei ikkje har funne smittekjelda.

Folkehelseinstituttet kunngjorde måndag at dei har oppdaga eit nasjonalt utbrot av salmonella agona. Så langt er det påvist smitte hos 42 personar busette over heile landet, skriv NRK.

De smitta er busette i Vestland (13), Viken (12), Telemark og Vestfold (7), Innlandet (3), Trøndelag (2), Troms og Finnmark (1), Møre og Romsdal (1) og Oslo (3).

Artikkelen held fram under annonsen.

Smittekjelda er førebels ukjend, men det er vanleg at mage-tarmbakteriar smittar gjennom matvarer.

– Det er klart det gjer oss litt urolege. Det kan vera fleire tilfelle, og det kan då vera ei smittekjelde som vi enno ikkje veit kva er, seier overlege Preben Aavitsland i FHI til TV 2.

Han seier at eit så stort utbrot som no er oppdaga, er nokså uvanleg.

– Dei tilfella vi kjenner til, er truleg berre toppen av isfjellet, seier han.

FHI jobbar tett med både Mattilsynet, Veterinærinstituttet og kommunehelsetenesta for å finne kjelda til utbrotet. Aavitsland seier dei går ut frå at matvara som er kjelda, blir seld over heile landet. Han fortel at dei intervjuar pasientane om kva dei har ete den siste tida før dei vart sjuke.

TV2 skriv at Mattilsynet ber smitta om å sjekka kvitteringar og nettbanken i jakta på smittekjelda.

Salmonellainfeksjonar går vanlegvis over av seg sjølve utan behandling, og er noko dei fleste vil tole.

– Det dreier seg om vondt i magen, diaré og oppkast, seier Aavitsland.