FHI: Vaksinasjon med tredje dose går ikkje raskt nok

437.000: Til no har nærare 437.000 personar fått tredje dose med koronavaksine.

Dersom kommunane held fram i same vaksinasjonstempo som no, rekk dei ikkje å vaksinera alle over 65 år med ein oppfriskingsdose før jul.

– Det går framleis ikkje fort nok. Skal dei klara å gi tilbod til alle i aldersgruppa 65 år og eldre før jul, må dei auka tempoet for å få vaksinert dei som har fått dose nummer 2 for 5 månader sidan, seier assisterande direktør Geir Bukholm i FHI til VG.

Til no har nærare 437.000 personar fått tredje dose med koronavaksine. Folkehelseinstituttet har valt å senda ut fleire vaksinedosar enn det kommunane har bede om.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var for å vera sikker på at det er nok vaksinar ute i kommunane til å få vaksinert alle som skal ha det før jul. Vi såg at talet på vaksinar som er bestilt var fallande etter veke 47. Det stemde ikkje med oversikta om kor mange som bør ha vaksinen, seier Bukholm.

Dei siste vekene har det vorte fleire pasientar i gruppa frå 75 år og eldre, og dessutan uvaksinerte frå 45–75 år. Blant dei fullvaksinerte er det fleire eldre, og ein større del av dei har risiko for å bli alvorleg sjuke med covid-19.