Rune Rosvold er ein blid kar som sjeldant asar seg opp, men tippekommisæren kjenner han blit godt trekt opp når bankane seier at dei må leggja ned fordi dei ikkje lenger har kundar.
Rune Rosvold er ein blid kar som sjeldant asar seg opp, men tippekommisæren kjenner han blit godt trekt opp når bankane seier at dei må leggja ned fordi dei ikkje lenger har kundar.

Finn "bank-tenesta" på Coopen

I årevis har han henta vekslepengane i banken. No har Rune Rosvold sett seg nøydd til å finna tenesta på Coop Prix i Os.

Kenneth Svenningsen

kenneth.svenningsen@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er mange som har sukka høglytt over bankvesenets stadige nedprioritering av å serva privat- og bedrifts-kundar med daglege tenester i filialane. Tippekommisjonær Rune Rosvold meiner det er ansvarsfråskriving frå bankvesenets side, at dei til dømes ikkje kan gje ut, eller ta imot kontantar.

- Dei seier heile tida at det er kundane som glimrar med sitt fråvêr, men det er jo bankane sjølv som har skapt denne situasjonen ved å minimalisera tenesta dei yt i filialane. Ta berre den gamle kvinna som vil overføra nokre kroner mellom to kontoar. Det hadde teke dei to minutt, men dette vil dei altså ikkje hjelpa med. Det er ikkje rart at ikkje kundane kjem, konstaterer Rosvold.

Utspelt si rolle

Kommisjonæren som driv tippekiosken Rosvold Sport er stadig i behov for vekslepengar. Etter at banken ikkje lenger kunne gje han dette, fann han tenesta ein annan plass i Os.

Bjørnar Engelsen i Lysekloster IL nyttar helst kort når han er i tippekiosken til Rune Rosvold, men den daglege leiaren i Lysekloster ser klart at Rosvold per dags dato ikke kan drivast utan kontantar.
Bjørnar Engelsen i Lysekloster IL nyttar helst kort når han er i tippekiosken til Rune Rosvold, men den daglege leiaren i Lysekloster ser klart at Rosvold per dags dato ikke kan drivast utan kontantar.
Det nye spelesalongen vart opna for kring halvanna månad sidan.
Det nye spelesalongen vart opna for kring halvanna månad sidan.

- Eg har no ein avtale med Coop Prix. Eg er dei ei stor takk skuldig, men kjenner samstundes på at det er noko rart. Det er pussig at samfunnet er blitt slik at bankane ikkje lenger vil tilby tenester som dei tidlegare hadde monopol på, seier Rosvold.

- Men går ikkje det meste på kort i butikken din også?

- Nja, her har eg faktisk fifty/fifty med kortbruk og kontantar. Spesielt hestespelarane ønskjer helst å få gevinsten ut i kontantar. Elles har eg også ein del eldre kundar som helst handlar med kontantar, seier Rosvold.

At bankane no har utspelt si rolle i lokalsamfunnet er han ikkje i tvil om.

- Me ser jo resultat av nedprioriteringa no. Nordea-filialen vart nedlagt for mange år sidan, og no følgjer altså DnB etter. Eg må seia det er litt trist. Og det tristaste av alt er jo alle folka som mister jobben. Det er tragisk, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lagar mobil-betaling

Då «Os og Fusaposten» var innom Rosvold fredag føremiddag, var dagleg leiar i Lysekloster IL, Bjørnar Engelsen, blant kundane. Han kjente seg att i problematikken med det pengelause samfunnet.

- Ja, eg merkar det jo sjølv at alt går på kort no, seier 69-åringen.

Han røper at dei på Lysekloster no ser på alternative løysingar som betalingsmåte på kampane denne sesongen.

- Dei siste åra har me nytta betalingsterminalar, men det kostar veldig mykje. Difor har me denne sesongen tenkt å innføra betalingssystem via ein app på mobiltelefonen. Skal ein hengja med i det moderne samfunnet må ein berre hiva seg uti og følgja med i tida, humrar Engelsen.

Sosial møteplass

Tidlegare var banken og postkontoret også ein sosial møteplass. Rosvold meiner lokalsamfunnet mister mykje når slike institusjonar forsvinn.

- Eg pratar med mange eldre som saknar dei faste gjeremåla dei hadde på slike plassar. Det positive for meg er at mange finn denne sosiale møteplassen hos meg i staden, seier han.

Difor har han nett laga til ei heilt ny spele-avdeling med storskjerm og fleire bord og stolar.

- Eg har fått mange gode tilbakemeldingar på det nye rommet. Her kjem folk for å ta seg ein kaffi, og ein prat. Sjølvsagt ser eg at det er kjekt at folk spelar, men eg er også glad for at butikken er blitt ein møteplass, smiler Rosvold.