Nedteljing: Gler du deg til veg? Då kan du bli med på nedteljinga her.

Fire dagar før opninga, blir det veg-vorspiel

Tre aktørar har slått seg saman og inviterer til Veghistorisk kveld i Tunet.

Torsdag 27. oktober inviterer Os sogelag og kultureininga til det dei kallar eit «forspel» til og veghistorisk kveld før opninga av ny E39 fire dagar seinare.

Det heile finn stad i Tunet kyrkje- og kultursenter på Osøyro.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Sjølve vegopninga er ein ny milepåle i ei lang historisk utvikling av kommunikasjonar, og eit resultat av eit mangeårig arbeid for både vegplanleggarar og politikarar, heiter det i ei pressemelding.

Kultursjef Erik Vangsnes vert programleiar for kvelden og skal leia ein samtale med tre inviterte innleiarar.

Lokalhistorikar Åsmund Lien skal halda eit innlegg om utviklinga av samferdsla siste 200 åra frå sjø til bane og landeveg, medan tidlegare vegdirektør i Statens vegvesen, Olav Søfteland, vil snakka om den kronglete vegen fram, og meir enn 60 år med planlegging for å få ny veg til «byd'n».

Til sist kjem også prosjektleiar i Statens vegvesen, Kelly Nesheim Iversen, for å gi ein kort presentasjon av milliardprosjektet som truleg er Noregs mest moderne veganlegg.

Det blir også ei enkel veghistorisk utstilling med ei rikeleg mengde fotografi frå lokalhistoriske arkiv i Bjørnafjorden.

Arrangørar er Os sogelag og Bjørnafjorden kommune i samarbeid med Folkeakademiet Os.