Fire førarkortbeslag vart resultatet etter trafikkontrollen på Lysekloster tysdag.
Fire førarkortbeslag vart resultatet etter trafikkontrollen på Lysekloster tysdag.

Fire mista lappen. Høgaste fart vart målt til 96 km/t i 50-sona

Politiet har hatt fartskontroll ved Lysekloster. Resultatet var nedslåande.

– Trist.

Slik oppsummerer politioverbetjent ved Os lensmannskontor, Sissel Becker, dagens farstkontroll på Lysekloster. Resultatet av kontrollen er seks forenkla førelegg og fire førarkortbeslag. Den høgaste farten vart målt til 96 kilometar i timen i 50-sona.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Fire bilistar har blitt fotgjengarar. Det er nedslåande, seier Becker og legg til:

– Det er trist at folk ikkje klarar å forholda seg til fartsgrensa på ulike stader. Vi har mykje fokus på dette no. Ønskjet vårt er å vera mykje meir synleg, også når det kjem til trafikkontrollar.

Politiet oppsøkjer stader der ein har fått klager på høg fart tidlegare. Det gav resultat i dagens kontroll.

– Når folk får sommardekk på bilen, er det mange som har lett for å trykkja litt ekstra hardt på gassen, seier politioverbetjenten og legg til at fokuset på desse tinga ikkje vert mindre i tida osm kjem.

camilla.kvamme@osogfusa.no