koronatest: N/A

Fire nye tilfelle av covid-19

Fire personar har testa positivt for covid-19 i Bjørnafjorden kommune i helga: Éin på fredag kveld, tre på søndag.

Det opplyser kommunen.

Dei fire smitta er tre menn i 20-åra og ei jente tidleg i tenåra. Jenta har ikkje vore på skulen i smittsam fase. Ingen av smittetilfella er relaterte til kvarandre, skriv kommunen på sine heimesider.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Smittevegen er kjend i alle tilfella. Alle fire er smitta utanfor kommunen, og alle nærkontaktar er varsla, opplyser assisterande kommuneoverlege Jonas Nordvik Dale.