Ny oppdatering: Fire nye tilfelle av korona måndag.

Fire nye tilfelle av korona i Bjørnafjorden måndag

Det opplyser kommunen.

Alle dei fire er ifølgje kommunen i nær relasjon til andre påviste smittetilfelle, og smittevegen er kjent.

Smittevernoverlege i Bjørnafjorden kommune, Bjørn Petter Aasheim Johannesen, melder at alle fire har hatt avgrensa kontakt med andre, og at det er «svært lite sannsynleg at dei kan ha smitta andre utanfor husstanden».