Normalisering: - Dette er ei normalisering slik strategien og beredskapsplanen til regjeringa legg opp til, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap).

Fjernar covid-19 frå liste: – Dette er ein merkedag

– Vi støttar tilrådingar frå Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet.

Covid-19 er fjerna frå lista over allmennfarlege smittsame sjukdommar, og koronaforskrifta blir no oppheva.

– Dette er ein merkedag. Vi støttar tilrådingar frå Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet om at covid-19 ikkje lenger oppfyller kriteria i smittevernlova for å bli klassifiserte som ein allmennfarleg smittsam sjukdom. Dette er ei normalisering slik strategien og beredskapsplanen til regjeringa legg opp til, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap) i ei pressemelding frå departementet hennar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den såkalla koronaforskrifta, som vart vedteken 27. mars 2020, blir no oppheva.

Forskrifta regulerte detaljert dei ulike smitteverntiltaka som vart tilpassa gjennom pandemien.

Paxlovid blir gratis i halvtanna år

Covid-19 hamnar no i same kategori som influensa og RS-virus i den forstand at pasientar no må betale eigendel ved legekonsultasjon for viruset, og at retten til gratis sjølvtestar og behandling fell bort.

Legemiddelet Paxlovid vil likevel vera gratis fram til 1. april 2025.

Viruset var klassifisert som ein allmennfarleg smittsam sjukdom i 1389 dagar. 31. januar 2020 vart covid-19, då kalla «Wuhan-viruset» gjord meldepliktig i registeret for smittsame sjukdommar.

Ny bølgje i gang

Samtidig som viruset mistar den formelle klassifiseringa som allmennfarleg, har Folkehelseinstituttet (FHI) nyleg varsla om at bølgja i vinter er i gang. Talet på innleggingar er på veg opp.

Instituttet bad då også om at eldre og personar i risikogrupper blir vaksinerte mot covid-19. Dei tilrår også meir vaksinasjon mot influensa. Også assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad åtvarar om at viruset er på veg opp igjen.