Utbrot: Det byrjar å likna eit utbrot av korona ved Os ungdomsskule.

To nye elevar smitta på Os ungdomsskule

Så langt har tre elevar i 8. trinn og ein lærar fått påvist covid-19.

I går kveld, 6. mai, fekk kommuneoverlegen melding om at ein elev på 8. trinn ved Os ungdomsskule har fått påvist covid-19.

Tidlegare har ein lærar testa positivt for covid-19.

Artikkelen held fram under annonsen.

I dag, 7. mai, har to nye 8. klassingar fått påvist smitte.

Heile 8. trinn er no tekne ut av skulen, og vil få heimeundervisning medan kartlegging av nærkontaktar pågår.

— Det er ikkje mistanke om smittespreiing til andre trinn ved skulen. Alle øvrige elevar og tilsette skal difor vere på skulen som vanleg, seier kommuneoverlege Klaus Melf til kommunens heimeside.

Ventekarantene

Føresette til elevar som er nærkontaktar til smitta, og som difor må gå i karantene/ventekarantene, får ei eiga melding om dette.

Helsepersonell frå kommunen vil ta kontakt i løpet av fredag for å gi meir informasjon og rettleiing til nærkontaktane og deira husstandsmedlemmer.

— Alle som bur saman med nærkontaktane eller andre tilsvarande nære må vera i ventekarantene til nærkontaktane har fått negativt prøvesvar. Dette betyr at foreldre, søsken og andre nære skal reisa heim frå jobb, skule og barnehage snarast og halda seg i ventekarantene fram til testresultatet er klart, seier Melf.