Måndag ettermiddag kom endeleg paraplyen og infoskrivet om Os inspirerer til Runa Finborud i Østerdalen. Ordføraren i namnebrorkommunen vår synest paraplyen var knæsj, og takkar gjerne ja til eit par til.
Måndag ettermiddag kom endeleg paraplyen og infoskrivet om Os inspirerer til Runa Finborud i Østerdalen. Ordføraren i namnebrorkommunen vår synest paraplyen var knæsj, og takkar gjerne ja til eit par til.

Fleire gjekk på spøken - Runa hadde håpa det var sant

Sjølv i sentrumskvartalet var det folk som gjekk på gårsdagens 1. april-spøk. I Os i Østerdalen hadde dei håpa det var sant.

Nei, det er altså ikkje slik at Os kommune gjev frå seg «Os inspirerer»-slagordet med effektar og bilar til namnebror-kommunen vår i Østerdalen.

Rett nok fekk ordførar Runa Finborud oversendt flyers, kulepennar, parkerings-klokker og paraplyar siste veke, men ikkje i det kvantum som vart lova av Søviknes i vår første sak måndag morgon, 1. april.

Artikkelen held fram under annonsen.

Effektane var berre til bruk for bilete i herverande lokalavis.

Heidrast den som skal

No skal det nemnast at sjølv om underteikna og Os & Fusaposten har eit stort hjarte for 1. aprilspøkar, var det ikkje me som kom opp med ideen til denne spøken. Innspelet kom frå kommunikasjonsrådgjevar i (vår) Os kommune, Ragnhild Stende Bjaadal. Ho var tidleg ute og spurde om lokalavisa ville vera med på spøken. Me syntest ideen var knall, og byrja å tenkja, slik me gjer i reelle saker, på ulike vinklingar, konsekvensar av å gje frå seg ein slik profilpakke, og kven som kunne seia noko objektivt om ein slik gest frå kommunen vår.

Posten skuffa

Og skulle det gjerast skikkeleg, så skulle det gjerast skikkeleg. Sist måndag gjekk underteikna sentrum rundt og samla «Os inspirerer»-effektar. Etter å ha fått ein del forskjellige ting, var det berre å venta på at Runa skulle motta det i Hedmark, og få ho fotografert med Os inspirerer-effektane i handa. Problemet var berre at vårt kjære Posten ikkje spelte på lag. Berre kulepennane og eit par andre småting kom fram i tide.

Men i dag kan me også ha bilete av Runa - som stilte opp og tok spøken på strak arm – under Os inspirerer-paraplyen.

Kva skjer verkeleg?

Men det var ikkje alt i artikkelene som var tull. Faktum er at «Os inspirerer» vanskeleg kan nyttast som slagord etter samanslåinga med Fusa. Naturleg nok vil plakatar, skilt og papirmateriell måtta skiftast ut. Kva kostar det, og kva skal ein verkeleg gjera med «Os inspirerer»-effektane.

Runa Finborud kunne i saka fortelja om ein liten kommune med økonomiske utfordringer. Ho synest «Os inspirerer»-slagordet var knall, og fargen passande for bygda hennar. Kanskje skulle Terje Søviknes & co faktisk sendt effektane over på ordentleg. Elles går det vel i bosset...

kenneth.svenningsen@osogfusa.no