Politi: N/A

Fleire Halloweenfester gjekk over styr og ei rute i politibil vart knust

Politiet fekk mykje å styra med natt til søndag. I Hegglandsdalen var det både slåsting og nedstenging av fest.

Politiet fekk natt til søndag melding om fleire høglydte festar i Hegglandsdalen. Fleire stader melder dei at festen gjekk over styr og at det var amper stemning og fleire slåstkampar.

Eit arrangement vart stengd ned klokka 01.30 grunna valdsbruk og hærverk. Tre personar vart viste bort frå staden av politiet. Ein politibil fekk bakruta knust. Saka er meldt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Køyrde i påverka tilstand

Klokka 02.00 stoppa politiet ein bilførar i Os. Kvinna vart beden om å ta promillekontroll og blåste deretter til over lovleg alkoholverdi. Førarkortet vart inndrege og kvinna er no meldt for saka.