Vassleidningsbrot: Kommunen jobbar no med utbetring i Holdhus-området.

Fleire har mista vatnet etter akutt vassleidningsbrot

Bjørnafjorden kommune jobbar med å utbetra skaden, men melder at fleire på Holdhus kan koma til å mista vatnet.

Oppdatert klokka 15.10: Teknisk vakt opplyser at ho per no ikkje har oversikt over kor mange husstandar som er råka, eller kva tid dei kan rekna med å få vatnet attende.

Klokka 13.43 melde kommunen på si heimeside om eit akutt vassleidningsbrot i Holdhusområdet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vidare opplyser dei at det vert jobba med utbetring.

For nokon er vatnet stengt av. Andre har framleis vatn, då dei blir forsynt frå vasstanken på Hovdalia.

— Når den er tom, vil det bli brot i vasstilførsla for dei fleste i området, heiter det på heimesida.

Saka vil bli oppdatert.