Brann: Bjørnafjorden brann og redning vert verande på staden ei stund framover.

Tre personar pusta inn røyk etter at ei frityrgryte tok fyr

Brannen er no sløkt, men naudetatane vert verande ei stund til.

Klokka 13.29 fekk politiet melding om brann og opne flammar på eit kjøken i eit rekkjehus i Eikevegen i Os sentrum.

Årsaka var ei frityrgryte som tok fyr.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var ei mor og eit barn i huset, og dei melde sjølv frå til brannvesenet. Ein nabo kom også springande for å hjelpa til.

— Dei gjorde ein jobb sjølve med å få sløkt brannen, og mitt inntrykk er at dei meir eller mindre klarte dette, fortel innsatsleiar Atle Birkeland.

Brann: Naudetatane arbeider på staden.

Eit pulverapparat vart tømt i sløkkingsarbeidet. Det var også ein del røykutvikling.

Alle tre kom seg etter kvart ut. Ingen skal vera skadde, men dei skal ha pusta inn røyk.

Ein vaksen vert no sett til av helsepersonell på staden.

— Huset per no er ikkje mogleg å bu i, seier Birkeland.

Brann: Bjørnafjorden brann og redning arbeider no med å sjekka at ikkje brannen ulmar i ventilasjonsanlegget i huset.

Operasjonsleiar i politiet, Knut Dahl-Michelsen, fortel klokka 13.50 at brannen er sløkt.

— Brannvesenet har kontroll på staden og driv no utlufting, samtidig som dei sjekkar om brannen har spreidd seg til ventilasjonsanlegget.

Artikkelen held fram under annonsen.

Naudetatane blir verande på staden ei stund framleis.

Huset er ikkje mogleg å bu i per no, seier innsatsleiar Atle Birkeland.