2 milliardar: Regjeringa foreslår ein auke på 2 milliardar kroner i frie inntekter til kommunesektoren. 1,6 går til kommunane og 0,4 til fylkeskommunane.

Statsbudsjettet 2022: Fleire milliardar kroner ekstra til kommunane. 120 millionar til fleire barnehagelærarar

Kommunane får 2 milliardar ekstra i frie inntekter til neste år, seier kommunalministeren, som meiner det er eit godt utgangspunkt til vidareutvikling etter pandemien.

Regjeringa foreslår ein auke på 2 milliardar kroner i frie inntekter til kommunesektoren. 1,6 går til kommunane og 0,4 til fylkeskommunane.

Dette er i tråd med det regjeringa varsla då kommuneproposisjonen vart lagt fram i mai, og det gir eit godt grunnlag for kommunane til neste år, meiner kommunalminister Nikolai Astrup (H).

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kommunane har eit veldig godt utgangspunkt for både å vidareutvikla tenestetilbodet til innbyggjarane sine, men også gjera nødvendige investeringar i kommunal infrastruktur, seier han.

– Godt ut: Kommunane kjem godt ut i statsbudsjettet, meiner kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup (H)

Barnehage og psykisk helse

Regjeringa ønskjer å styra kompetansen i barnehagane rundt om i landet. Derfor er 120 millionar kroner sett av til å satsa på fleire barnehagelærarar. Målet er at halvparten av barnehagetilsette skal vera pedagogar innan dei neste fire åra.

For å inkludera fleire i arbeidslivet, og dessutan tetta kunnskapsholet til folk som slit, blir det òg føreslått 100 millionar kroner til tiltak for å styrkja den psykiske helsa til barn og unge. 75 millionar kroner av dette går til kommunane, medan dei resterande 25 blir sette av til fylkeskommunane.

– Økonomien i god stand

Kommunane får òg varig auka skatteinntekter på 3,2 milliardar kroner. Regjeringa anslår at skatteinntektene i år aukar med 5,9 milliardar kroner, noko som er ein klar indikasjon på at det går bra i norsk økonomi, seier Astrup.

– Eg er veldig glad for å kunna overlata ein kommunesektor som har god økonomi og som er i betre stand enn då Høgre overtok i 2013. Den gong hadde kommunesektoren 30 milliardar kroner på bok. No har dei nesten 70 milliardar kroner på bok, seier han.

Norsk økonomi er no ute av koronakrisa, understrekar Astrup, som meiner kommunane har klart seg godt gjennom den tunge tida.

– Vi har vore tydelege frå dag éin på at kommunane skulle klare seg bra gjennom koronapandemien, og at dette ikkje skulle gå utover tenestetilbodet til innbyggjarane. Fasiten er at det har dei klart, det er vi og interesseorganisasjonen til kommunane KS samde om.

CO2-avgifta blir auka

Regjeringa ønskjer å følgja opp klimaplanen sin med å auka CO2-avgifta med 28 prosent.

Artikkelen held fram under annonsen.

I forslaget til statsbudsjett blir avgifta auka frå 591 til 766 kroner i 2022. Dette svarer til 28 prosent utover prisjusteringar.

– Denne auken er eit kraftig taktskifte i norsk klimapolitikk, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) i ei fråsegn.