Fleire søkjer seg til helse og oppvekst

Teknikk og industriell produksjon får ein tydeleg nedgang medan det er størst auke til helse- og oppvekstfag. Det viser ferske søkjartal til dei vidaregåande skulane.

- I takt med utviklinga på arbeidsmarknaden har det vore større spenning enn vanleg om dei unge sitt søkjemønster for skuleåret 2016-17. I Hordaland ser det ut til at dette slår noko mindre ut ved einskilde utdanningsprogram enn i Rogaland, seier inntaksleiar Nils Skavhellen etter at søkjartala per 1. mars er klare.

I følgje inntaksleiaren har Teknikk og industriell produksjon i Hordlanad i løpet av to år fått ein nedgang på 380 søkjarar. - Dette har heilt klart med utviklinga på arbeidsmarknaden å gjera. Nedgangen utgjer ca. 35 % over to år, og det er klart at dette vil merkast innanfor det største yrkesfaglege utdanningsprogrammet. Begge fylka har stor auke i søkjartalet til Helse- og oppvekstfag, seier Skavhellen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det totale søkjartalet i Hordaland er 18.475, ein auke på 94 frå i fjor. Helse- og oppvekstfag, Bygg- og anleggsteknikk og Naturbruk er utdanningsprogramma med størst auke.

- Naturfag er eit utdanningsprogram som ikkje har blitt omtala så mykje som dei andre yrkesfaga, men får no ein auke i søkjartalet som ein må svært mange år tilbake for å finne maken til, seier Skavhellen.

Teknikk og industriell produksjon, studiespesialiserande og restaurant- og matfag er dei tre utdanningsprogramma med størst nedgang i søkjartalet til Vg1 samanlikna med 2015.

- Det mest spesielle, og kanskje overraskande, er at søkjartalet i eit lite utdanningsprogram som Restaurant- og matfag har fått så mange færre søkjarar enn i 2015. Etter to-tre år med rimeleg stabilt, men lågt søkjartal, får ein no ein reduksjon som truleg fører til at klassar må leggjast ned, seier Skavhellen.

- Innanfor Vg2 i utdanningsprogrammet Teknikk og industriell produksjon er det oppsiktsvekkjande låg søknad til Vg2 Brønnteknikk. For to år sidan hadde dette programområdet 197 søkjarar frå Hordaland. I år er det 22 søkjarar til 30 plassar. På den andre sida er det ein liten auke i søkjartalet til Vg2 Maritime fag. Dette er også overraskande slik arbeidsmarknaden er innanfor dette faget.

Det er ein auke i søkjartalet til Vg3 Allmennfagleg påbyggingskurs, men langt frå same auken som i Rogaland. Auken kjem truleg av at det har blitt vanskelegare å få læreplass i ein del fag, noko som fører til at ungdomen sikrar seg med å ta studiespesialiserande utdanning.

Søkjartala for den enkelte skule vil bli offentliggjorde 14.mars.