Gudmund Fløysand leverte i dag ein ATV til Os Røde Korps hjelpekorps. Fløysand invest donerer både firehjulingen og ein tilhengjar. Leiar i hjelpekorpset, Atle Vågstøl, smila frå øyra til øyra.
Gudmund Fløysand leverte i dag ein ATV til Os Røde Korps hjelpekorps. Fløysand invest donerer både firehjulingen og ein tilhengjar. Leiar i hjelpekorpset, Atle Vågstøl, smila frå øyra til øyra.

Fløysand Invest med viktig bidrag til hjelpekorpset

Hjelpekorpset tok kontakt med Gudmund Fløysand for å høyra om han kunne hjelpa til med å samla inn pengar til ein firehjuling. Fløysand tok ein veldig intern innsamlingsaksjon og donerte firehjuling - med tilhengjar.

- Os Røde Kors formidla at dei trengte ein ATV til redningsarbeid. Dei gjer ein formidabel jobb, og det frivillige redningsapparatet treng støtte. Når vi har moglegheit til å hjelpa med våre selskap, så bør vi gjera det, seier Gudmund Fløysand og legg til:

- Sjølv om Røde Kors "sentralt" har relativt mykje pengar, vert ikkje lokallaga prioriterte. Det er lokallaget vi er avhengige av.

Artikkelen held fram under annonsen.

Seglar i medvind

Gründeren vil ikkje uttala seg på spørsmålet om kva dei måtte ut med for ATVen.

- Vi treng ikkje snakka kronar og øre. Det er Os Blikk og Fasade, Isomax, Pro Tak, Fløysand Tak, med mitt og Vibekes selskap Fløysand Invest i spissen, som står for bidraget, seier Fløysand.

Klokka 12.00 i dag overleverte Fløysand firehjulingen til leiar i hjelpekorpset, Atle Vågstøl.

- Os Røde Kors Hjelpekorps seglar i medvind for tida, og det blir lagt merke til i Os-bygda. Ikkje berre melder osingane seg inn i hjelpekorpset, men også næringslivet stiller opp. Eigarane i Fløysand Invest AS fekk vita at ATV var ein av dei tinga som stod øvst på ønskelista til hjelpekorpset, og dermed var det gjort. Ein nesten ubrukt ATV blei foliert kvit, og deretter gitt som gåve til hjelpekorpset, seier Vågstøl og held fram:

- Gudmund og Vibeke Fløysand er aktive brukarar av naturen i Os, og ser nytten av å ha eit operativt hjelpekorps. Godt utstyr er ein stor del av jobben, og det er viktig å ha gode hjelpemiddel tilgjengeleg. Ikkje berre kan hjelpekorpset gjera ein betre jobb, men det er også med på å motivera medlemmene til å stilla opp når det verkeleg trengst.

Avlastar fot-folket

ATV-en som no er i beredskap på Røde Kors-huset, har fleire bruksområde. Han er utstyrt med kraftige lys, slik at han er veleigna til bruk i leiteaksjonar, ikkje berre i skog og mark, men også når det er vegar og stiar som skal søkjast på når folk er sakna.

- Fløysand Invest syt også for ein tilhengjar slik at køyretøyet kan vera ei god avlasting for fot-folket som leitar i terrenget. Det er ofte mykje og tungt utstyr som skal fraktast inn og ut av leiteområde.

Mykje på ønskelista

Firehjuling med tilhengjar er to av fleire ting hjelpekorpset har på ønskelista si.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er ei lang liste, seier Vågstøl og held fram:

- Lokalforeininga i Røde Kors jobbar med å få inn ein bil til Røde Kors Os som hjelpekorpset kan disponera. Vi har også infraraud kikkert og mykje datautstyr på lista, for å nemna noko. Teknologien utviklar seg utruleg raskt.