Hending: Forman i Os Aeroklubb, Thomas Spengler, stadfestar at det har vore “ei hending” på Vaksinen flyplass.

Fly fekk sladd etter landing. Havarikommisjonen er varsla

Politiet rykte ut til Vaksinen flyplass på Ulven måndag.

Det melder dei på Twitter måndag ettermiddag.

— Eit fly skal ha sklidd ut etter landing. Det er ikkje meldt om personskadar, berre materielle skadar på flyet, opplyste politiet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Forman i Os Aeroklubb Thomas Spengler stadfestar at det har vore “ei hending” på Vaksinen flyplass.

— Eg vil ikkje seia ulukke, men eg kan stadfesta at eit fly er blitt skadd. Det er ingen personskade. Politiet er på staden og havarikommisjonen er varsla, seier Spengler.

Politiet opplyser at eit småfly fekk sladd under landing. Årsaka er uviss.

— Vi undersøkjer om det kan vera eit vindkast, noko teknisk, eller kva det måtte vera, som er årsaka til at dette skjedde. Piloten er sett på som eit vitne i saka. Vedkomande var åleine i flyet då dette skjedde. Det heile står fram ganske udramatisk. Flyet sklei 8—10 meter. Det er oppretta ei undersøkingssak. Det betyr at vi samlar opplysingar for å sjå om dette er noko vi bør gå vidare med, og slik det ser ut no, er det ikkje det, fortel Atle Birkeland i politiet.

Tore Øvreeide er operativ leiar i Os Aeroklubb. Han fortel til BA at uhellet inntrefte ganske kort tid etter flyet hadde gått ned for landing.

– Piloten har forklart at han rett og slett mista kontrollen og at han ikkje hadde herredøme over flyet, seier Øvreeide til avisa.

Han legg til at flyet er sjekka og at alt fungerer som normalt.