Flyktningar må møta til norskopplæring, og då er dei avhengige av godt bussamband og barnehageplass nært heimen. (Arkivfoto)
Flyktningar må møta til norskopplæring, og då er dei avhengige av godt bussamband og barnehageplass nært heimen. (Arkivfoto)

Flyktningar mellom ghettoar og usentrale strok

Emil Brimsholm (H) åtvara mot å skapa ghettoar av flyktningar. Gisle Hesjedal (Ap) meinte ein ikkje kan plassera flyktningar usentralt.

Nokre av samtalane i tenesteutvalet var innom flyktningane som i større grad enn tidlegare kjem til Os. Kommunalsjef Nils-Petter Borge fortalte at det ikkje var komne nye flyktningar til Os så langt i år, men at like før jul hadde teke mot ein del.

- Like før jul busette me 17 nye flyktningar. Seks av desse kjem frå Afghanistan, sa Borge.

Artikkelen held fram under annonsen.

I år skal 45 flyktningar takast i mot, og flyktningtenesta er i ferd med å oppbemanna for å takla den auka pågangen.

- Me har fått stor respons på dei utlyste stillingane - over 60 søkjarar til tre stillingar. Godt kvalifiserte er dei også, sa Borge.

- Unngå ghettoar

Emil Tetlie Brimsholm (H) ville vita om kommunen hadde ein strategi for kvar i bygda flyktningane skulle plasserast.

- Er tanken at ein skal spreia dei rundt om i bygda? Det eg kan sjå er at ein bør unngå ghettoifisering, sa Brimsholm.

- Ja, strategien vår handlar om å ha eit spreitt bustadmønster blant flyktningane. Ein kan ikkje gjera eit godt integreringsarbeid dersom dei vert klumpa i lag, svarte Borge.

Gisle Hesjedal (Ap) var berre delvis einig.

- Eg stør tanken om at ein ikkje bør putta for mange konsentrert på ein stad. Men det finst også andre omsyn. Dei som skal busetjast, har plikt til å følgja norskundervisninga. Dersom du blir busett på Søre Øyane, får barnehageplass i Lysefjorden, og i tillegg skal levera ein elev til mottaksklassen på Søfteland - då går ikkje kvardagen opp reint praktisk, sa Hesjedal.

Dei færraste flyktningar har eigen bil, så det er primært buss som blir transportmiddelet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tenk på barnehageplass

Barnehagefagleg rådgjevar Irene Ullensvang peikte på at mange av flyktningane er avhengig av barnehageplass nær heimen.

- Ein del flyktningar får ikkje begynt på norskopplæring dersom ungane ikkje får begynt i barnehage. Dei bur gjerne litt sentrumsnært, så det må ein ta omsyn til, sa Ullensvang.

E39-aksen mest aktuell

Nils-Petter Borge la til at det er aksen langs E39 (frå Halhjem til Søfteland) som er mest aktuell når ein tenkjer busetjing.

- Aksen langs E39 er mest praktisk med tanke på at gode bussamband gjer det lettare å koma rundt. Men me er bedne om å ta heile kommunen i bruk, så me må sjølvsagt vurdera det dersom det dukkar opp bustadområde som er godt eigna andre stader, sa Borge.