Møte: – Det var eit gedigent møte om ungdomstida i Fana denne veka. Me ser behovet for å fokusera på temaet også her i Os. I denne omgang er det ungdomane sjølve som skal inviterast, fortel styreleiar i Os Turn, Gustav Bøe.

Fokus på ungdomstida: Os Turn leiger Oseana og hentar inn profilert NRK-programleiar

— Me ønskjer at elevane ved Os ungdomsskule skal få ein skikkeleg fin dag til å fokusera på ungdomstida og haldningar.

Det seier styreleiar i Os Turn, Gustav Bøe. Han håpar og trur ei slik samling vil vera nyttig for elevane ved ungdomsskulen i Os sentrum.

— Me har eit bakteppe med ein lei knivepisode i sentrum og får stadig høyra om at terskelen for å bruka narkotika vert lågare. I lys av dette ønskjer me at ungdomen skal få litt input om haldningsarbeid, om det å vera ung generelt og kva konsekvensar ulike vegval kan føra til, seier Bøe.

Artikkelen held fram under annonsen.

Arrangementet er utelukkande for elevar ved Os ungdomsskule og finn stad tysdag 30. april i skuletida.

Les også
Elevar fekk eit innblikk i rushelvetet til den tidlegare landslagskapteinen

Var positiv med ein gong

Bøe fortel at konseptet er inspirert av det Nore Neset IL gjorde då dei hyra inn Claus Lundekvam for eit par veker sidan.

Hovudgjesten i Oseana vert Leo Ajkic.

— Me ønskte å ha ein foredragshaldar som elevane kan identifisera seg med. Leo er godt kjent for dei unge og me er veldig glade for å få ham med oss på dette arrangementet.

Som ein del av programmet blir det også ein paneldebatt.

— Her har me ikkje alt klart enno, men me vil ha med oss politiet, forhåpentlegvis med Morten Haugland som jobbar mykje med ungdom. Me vil også ha med oss SLT-koordinator Elin Tuft, ungdomsrådet ved Mathilde Nonås og ein representant frå skulen, kanskje rektor om det skulle passa.

— Kvifor er det utelukkande for Os ungdomsskule?

— Me kunne sjølvsagt ønskt å arrangera for fleire, men no har me klint til og leigd Oseana-hallen, og sjølv om den er stor, er det avgrensa kor mange det er plass til, konstaterer Bøe.