Ved Lysøen: I sommar skal NRK senda til saman seks veker med sakte-tv om bord frå Statsraad Lehmkuhl. Tysdag ettermiddag passerte skipet ein annan kulturskatt, nemleg Lysøen.

Følg «Statsraaden» frå Lysefjorden til Reksteren

Statsraad Lehmkuhl si ferd langs norskekysten har kome til Lysefjorden og Lysøen.

I sommar skal NRK senda til saman seks veker med sakte-tv om bord på Statsraad Lehmkuhl.

Ferda starta 6. juli i Havøysund. Deretter har «Statsraaden» vore innom hamner som Andenes, Melbu, Kjerringøy, Brattvåg, Selje og Lerwick (Shetland). Måndag vart det dessutan ein liten svipptur innom heimehamna i Vågen i Bergen, før turen gjekk vidare til Rubbestadneset og Kopervik.

Artikkelen held fram under annonsen.

Og i dag er altså det staseleg skipet i Lysefjorden og har passert ein annan kulturskatt, nemleg Lysøen. Skipet er no på veg til Reksteren, med eit stort følgje av småbåtar.

Ferda over fjorden til Tysnes og Reksteren ser du her: