Os & Fusaposten følgjer valet tett og er nær på der reaksjonane kjem i kveld.
Os & Fusaposten følgjer valet tett og er nær på der reaksjonane kjem i kveld.

Følg valet på osogfusa.no - få med deg alle reaksjonane

Os & Fusaposten har sydd saman eit tettpakka og innhaldsrikt program for valkvelden. Følg med på osogfusa.no.

Lokalavisa vil vera tett på spente politikarar på valvakene i løpet av kvelden. Dei fleste er samla på utestader på Øyro, men me er også tilstades på valvake til Sp si valvake i Strandvik.

Først av alt kjem med ut med stemningsreportasjar. Deretter vil me koma tilbake med videointervju og reaksjonar etter at førehandsstemmene vert offentleggjorte klokka 21.00.

Artikkelen held fram under annonsen.

Toppkandidatane i studio

Undervegs har me folk i redaksjonen som følgjer resultata etter kvart som dei kjem inn. Tal for krinsane vil koma etter kvart som me får tilgang til dei.

Vidare, rundt klokka 22.30-23.00 vil me få ein kommentar frå Jon Sivert Rykkel på resultata så langt (for det meste førehandsstemmene). Deretter, om alt går som planlagt, får me besøk av toppkandidatane til fire av partia i vårt studio i redaksjonslokala. Harald Lekven har meldt at han er i Strandvik og ikkje kan koma, men Terje Søviknes, Marie Bruarøy, Nils-Anders Nøttseter og Trine Lindborg har sagt ja til å gje sine kommentarar i videointervju hos oss rundt klokka 23.30-24.00.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no