Folkemøte om oppstart av OHARA-arbeid

I oktober startar spreningsarbeidet i prosjekt OHARA. 23. september inviterer Os kommune til folkemøte om prosjektet.

- Bygginga av kloakkreinseanlegget OHARA inne i Liafjellet er eitt av dei største prosjekta i Os nokon gong. OHARA vil sikra trygg handtering og reinsing av kloakk i kommunen i overskodeleg framtid, skriv Os kommune i ei pressemelding.

Men fyrst må dei som bur i nærleiken førebu seg på at det kjem til å smella ei stund.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vil pågå i 15-16 månader

I oktober startar Veidekke Entreprenør AS sprengingsarbeidet for å laga tunnelar og ein fjellhall djupt inne i Liafjellet, kor sjølve prosessanlegget skal ligga. Det skal sprengast og fraktast ut om lag 100 000 m3 med stein og anleggsarbeidet vil pågå i om lag 15-16 månader.

Vil vera merkbart for dei som bur i nærleiken

Det bur mange i nærleiken av anleggsområdet. Difor inviterer kommunen til eit folkemøte onsdag 23. september, for å gje praktisk informasjon og svara på spørsmål om kva anleggsarbeidet vil bety for dei som bur og ferdast i området.

- Anleggsarbeidet vil vera merkbart i området frå slutten av september 2015 og fram til januar-februar 2017. Det skal mellom anna sprengast og transporterast ut stein frå fjellet, og folk som bur i nærleiken vil naturleg nok merka arbeidet, seier Johannes Håkonsund, prosjektleiar for OHARA i Os kommune.

- Vi forstår godt at anleggsarbeid ikkje nett er til glede for dei som bur her. Samstundes legg vi opp til at arbeidet skal gå føre seg på ein god måte og til greie tider. Vi ynskjer å gje ordentleg og ærleg informasjon, slik at folk føler seg trygge og opplyste. På folkemøtet i Oseana den 23. september har alle høve til å få svar på det dei måtte lura på i samband med OHARA-arbeidet. Kom, høyr kva vi har å seia og still spørsmål, oppmodar Håkonsund.

Vil svara på eventuelle spørsmål

Prosjektleiar Johannes Håkonsund og ordførar Terje Søviknes vil vere til stades for å informera og svara på spørsmål, saman med representantar frå leverandørane Veidekke Entreprenør AS, Multiconsult AS og Cowi AS.

Har du ikkje høve til å stilla på folkemøtet? Alle presentasjonane vil bli lagt ut på oskommune.no etter møtet.