46 lokal tid. Styrken var 3.8.
46 lokal tid. Styrken var 3.8.

Følte du jordskjelvet?

Då vil jordskjelvstasjonen i Bergen høyra frå deg.

Skjelvet rett aust for Øygarden vart registrert på dei seismiske stasjonane i det norske seismiske nettverket (NNSN) ved Universitetet i Bergen kl 09:46 lokal tid. Styrken var 3.8.

Skjelvet vart kraftig følt over heile Vestlandet, både i Hordaland, Sogn og Fjordane og Rogaland.

Artikkelen held fram under annonsen.

NNSN oppfordrar alle som har følt jordskjelvet til å melda det inn på skjelv.no.

Her kan du melda frå.

Også tidligere har det vore registrert følte skjelv i dette området, nærare bestemt fem gonger dei siste 25 åra.

Det er i følgje NNSN mindre enn to veker sidan førre følte jordskjelv i Noreg, som var i Oslo-området natt til søndag 29. oktober. Dette var monaleg mindre, magnitude 2.1, men blei likevel følt av mange.

Det var også eit større skjelv i Nordsjøen 30. juni i år, med styrke 4.5.

jostein@osogfusa.no