Kjøkensjef på Oseana Lauchstaedt Bartosz trur mesk-foret til Erlend Moberg gjer susen, og gler seg til å tilbereia oksekjøtet til årets ølfestival.
Kjøkensjef på Oseana Lauchstaedt Bartosz trur mesk-foret til Erlend Moberg gjer susen, og gler seg til å tilbereia oksekjøtet til årets ølfestival.

Fora festivaloksen opp på mesk

Årets ølfestival i Oseana byr også på kortreist kjøt. Erlend Moberg leverer ein mesk-fora okse.

For uinnvidde i bryggeri-faget: Mesk er altså kornrestane etter brygging. Restane er svært så populære blant oksane og kuene på Moberg gard.

– Eg starta å fora dei med mesk for to-tre år sidan. Foret er både populært og godt. Berre smak, seier Erlend og gjev underteikna ein neve.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lokalt øl, lokal mat

Det er tredje gong Oseana inviterer til ølfestival. Arrangementet finn stad laurdag 30. juni. Til den tid skal ungoksen frå Moberg også vera klar for tilbereiing.

– Me hadde lyst til å utvida festivalen til også å omfatta lokal mat. Då var vegen kort til Moberg, smiler arrangementsjef i Oseana, Berit Steen.

Erlend Moberg var nemleg klar for festivalen uansett.

Som medeigar av Bjørnafjorden Bryggeri har Erlend Moberg rikt med tilgang til mesk. Foret har han servert oksane og kuene i fleire år.
Som medeigar av Bjørnafjorden Bryggeri har Erlend Moberg rikt med tilgang til mesk. Foret har han servert oksane og kuene i fleire år.
Skulle ein vera i tvil - slik ser mesk ut når det skal serverast.
Skulle ein vera i tvil - slik ser mesk ut når det skal serverast.

– Ja, i lag med Tarjei Skeie, Cato Larsen, Gaute Lia og Ragnar Finnvik skal eg visa fram vårt eiga øl frå Bjørnefjorden Bryggeri. Då passa det jo fint at eg herifrå også kunne bidra med litt kjøt, smiler Erlend.

Skjønt, litt og litt.

– Ungoksen er slakta, og slaktevekta er på over 225 kg, så det skal vera nok av mat.

– Det er sikkert nok til kring 500 personar, supplerer kjøkkensjef i Oseana-restauranten, Lauchestaedt Bartosz.

– Då må me få ordna endå meir mat. Målet vårt er jo å få minst 1.000 besøkande, ler Steen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Øl-smakande okse

Kjøkensjef Bartosz kan skriva under på at kjøtet er av god kvalitet.

– Oksen er av typen limousin. Kjøtet i denne oksen er svært etterspurd og eksklusivt, konstaterer han.

Og med litt ølsmak på kjøtet passar det fint til festivalen.

– Ja, det er jo det som er litt av poenget her også, då, smiler Erlend, og held fram:

– Oksen er fora på mesk og er dermed nærast bygd for eit slikt høve.

Han synest det er stas å få levera til Oseana på ein slik dag.

– Det er kjekt at dei går for lokal og kortreist mat.

Han håpar oksen hans får toppskår på festivalen og at dei kanskje får oppdraget også neste år.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me skal tilbereia kjøtet godt, grilla det og servera godt tilbehør. Eg trur det blir eit særdeles godt måltid, slår kjøkensjef Bartoz fast.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no