Stoppa: Ein bil blei stoppa på Moberg. Fleire stakk frå staden.

Førar blåste raudt — fleire stakk frå bilen

Då ein bil blei stoppa på Moberg, var det ikkje alle som ønskte å snakka med politiet.

Natt til måndag i 03.30-tida, var det ein bil som blei kontrollert av politiet.

— Det skal ha blitt observert fleire som stakk frå bilen. Førar sat att. Han blåste raudt og blei teken med til legevakta for blodprøvetaking. Førarkortet blei beslaglagt. Sjåføren erkjente straffskuld, men ikkje til førarkortbeslag, seier politioverbetjent ved Bjørnafjorden politistasjon, Anne Lyssand.