Sommartrafikk: Her kontrollerer Statens vegvesen trafikken i Os.

Førar meldt etter å ha gløymt éi enkel handling

— Det er no midt i fellesferien, noko me merkar på delen tungtrafikk på vegen, skriv Statens vegvesen i rapporten etter kontroll av sommartrafikken i Os.

På fredag starta Statens vegvesen sommarkontrollen i Hjellemarka og reiste så vidare til gjenvinningsstasjonen på Kolskogen (Industrivegen).

— Statens vegvesen har kontrollar langs vegen for å sørgje for betre trafikksikkerheit for alle trafikantar, skriv Statens vegvesen i rapporten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter å ha kontrollert 12 lette og eit tung køyretøy fann dei sju tekniske manglar med etterkontroll. Statens vegvesen gav ut eit gebyr grunna køyring med dekk under lovleg minimum. I tillegg resulterte det i ei melding og eit bruksforbod.

— Meldinga var for ikkje å ha sett i tilhengjarkontakten. Førar hadde heller ikkje med rett overgang til å få kopla denne til, skriv Statens vegvesen, og held fram:

— Bruksforbodet var for ikkje å ha godkjent hestetilhengjar for transport av hest.

Ein varebil klasse 2 måtte også lastast av før vidare køyring då den var overlasta med 300 kg.

— Statens vegvesen vil halda fram med å vera synleg i trafikkbiletet gjennom heile sommaren, avsluttar dei rapporten.