Kontroll før og etter lunsj: UP gjennomførte to laserkontrollar på Halhjemsvegen torsdag.

Førarkortbeslag på Halhjemsvegen: 39 (!) førelegg i 70-sona

Utrykkingspolitiet gjennomførte to laserkontrollar på Halhjemsvegen torsdag.

I ein e-post opplyser politioverbetjent ved Bjørnafjorden politistasjon, Christine J. Grindstein, at det vart gjennomført laserkontroll på Halhjemsvegen både før og etter lunsj torsdag.

Det var Utrykkingspolitiet (UP) som var på plass.

Artikkelen held fram under annonsen.

Klokka 10.30 torsdag var den første av dei to kontrollane. Resultatet her vart 35 forenkla førelegg, med høgaste fart målt til 110 km/t.

Førarkortet ryk ved 106 km/t eller høgare i ei 70-sone.

Nokre timar etter den første kontrollen, var UP på plass igjen.

Denne gongen var det atskilleg færre som køyrde for fort.

Frå klokka 13.40 og utover var det fire sjåførar som hadde for høg fart i 70-sona. Høgste måling denne gongen, var 81 km/t, opplyser Grindstein.