Det blir jobba med å kunna ta digitalt førarkort i bruk alt til hausten. – Då er det tilstrekkeleg å ha førarkortet på mobilen, seier samferdselsminister, Jon Georg Dale.
Det blir jobba med å kunna ta digitalt førarkort i bruk alt til hausten. – Då er det tilstrekkeleg å ha førarkortet på mobilen, seier samferdselsminister, Jon Georg Dale.

Førarkortet blir digitalt

No er det ikkje lenge til ein kan lasta ned førarkortet sitt på mobilen.

– No blir førarkortet digitalt. Det betyr at ein ikkje lenger vil måtte ha med seg det fysiske førarkortet når ein berre skal køyra ei lita tur, som å henta i barnehagen eller køyra nokon til toget. Dette vil gjera kvardagen enklare for bilistane, samstundes som myndigheitene får meir oppdatert informasjon enn det fysiske førarkortet gjev i dag, seier samferdselsminister, Jon Georg Dale til regjeringa.no.

Gratis supplement til fysisk førarkort

Vegdirektoratet sender på høyring forslag om regelverksendringar for å leggja til rette for digitalt førarkort. Statens vegvesen har dei siste åra utvikla fleire digitale løysingar, som gjev auka fleksibilitet og tilgjengelegheit for brukarane, samstundes som Statens vegvesen kan utøva dei viktigaste oppgåvene på ein meir effektiv måte, skriv regjeringa.no.

Artikkelen held fram under annonsen.

No er det altså digitalisering av førarkortet som står for tur.

– Det digitale førarkoret skal for nasjonal bruk vera eit fullverdig førarkort. Det betyr at det vil vera tilstrekkeleg å ha det liggjande på mobilen – som dei fleste uansett alltid har med seg, seier Dale.

Det digitale førarkortet vil vera tilgjengeleg via til dømes mobiltelefonen, og vil vera eit frivillig, gratis supplement til dagens fysiske førarkort. Ein vil framleis få eit fysisk førarkort om ein tek sertifikatet for første gang eller ved fornying. Ein må framleis ha med seg det fysiske førarkortet ved køyring i utlandet, skriv regjeringa.no.

Det blir arbeida med å kunna ta tenesta i bruk i løpet av hausten 2019.