- Forbausande roleg

Samanlikna med situasjonen i Bergen, har brannvernet i Os hatt ei forbausande roleg kveld og natt.

- Det har vore heilt fredleg, opplyser brannvernet i Os torsdag morgon.

I morgontimane nyttårsaftan har vinden ifølgje pent.no løya og er nede i 7 m/s. Sjølv om vindstyrken tek seg opp litt utover ettermiddagen og kvelden, kan det se ut til at nyttårsaftan vert mindre vindfull enn onsdagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Elles melder vêrtenesta om 6 grader, overskya og regn, så regnkle er nok ingen dum idé når inngangen til det nye året skal markerast.