Brannvesenet var raskt på staden og fekk kontroll over brannen i eit motorrom på ein bil i Eikelandsosen onsdag føremiddag.

Forbipasserande mann oppdaga brann i ein drosje

– Godt at dette skjedde på dagtid, og ikkje om natta, seier politioverbetjent, Anders Opsal.

Klokka 08 i dag tidleg blei drosjen parkert utanfor drosjesentralen i Eikelandsosen. Kring to timar seinare, gjekk det ein mann forbi. Han oppdaga at det kom røyk ut frå panseret.

– Brannvesenet blei varsla, og var raskt på staden. Det er jo eit kort stykke frå stasjonen til drosjesentralen, seier Opsal og legg til:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei fekk raskt kontroll og sløkt brannen i motorrommet.

Det er for tidleg å seia kva som kan vera årsaka, då bilen ikkje er undersøkt.

Bilen stod parkert tett på busetnad. Noko som gjer at dette kunne ha utvikla seg stygt.

– Godt at dette skjedde på dagtid, og ikkje om natta, seier Opsal.