Streikevakter med eit smil: Øyvind Borgen og Magnus Bertil Milde er redd det må hardare lut til for at KS skal etterkoma lønskravet til lærarane.

Førebudde på at det kan bli langvarig: — Me har sjekka prisar på varmedressar

— Arrogansen frå KS tilseier ikkje at dette tek slutt med det første, seier lærarane som streikar ved Os vidaregåande skule.

Dei starta streiken denne veka. Totalt er fem lærarar tekne ut. Då Os & Fusaposten er oppom streikeposten onsdag morgon, møter me to av dei.

— Me er her alle litt ut på dagen, men no er det me som startar opp, fortel Magnus Bertil Milde.

Artikkelen held fram under annonsen.

Med seg har han Øyvind Borgen.

— No er det å få i gang aggregatet slik at me får straum og kan steika vaflar, smiler dei to i sine raude streike-T-skjorter.

Magnus og Øyvind er lærarar på TIP (Teknologi- og industrifag). For elevane er konsekvensen at dei ikkje får ha programfaga sine.

— Dei har alle fellesfaga, men programfagtimane går ut. Det er sjølvsagt leit for dei, men noko må me gjera for å markera oss i denne saka, seier dei to.

Naturleg ønske

Til no er bortimot 1.500 lærarar landet over blitt tekne ut i streik. Dei ulike lærarforbunda er ikkje blitt samde med KS (Kommunesektorens Organisasjon). Det store stridsspørsmålet er, som så ofte elles, løn.

— Me synest det er heilt på sin plass at forbunda våre no tek til motmæle og gjer noko. Det er sjette året på rad at lærarløna stagnerer i høve til andre kommunalt tilsette og frontfaga, seier Milde.

Han meiner tilbodet frå KS, med ein lønsauke på knappe 2,3 prosent, på langt nær er nok.

— Det tek ikkje unna for prisstiginga ein gong. Ved å godta eit slikt tilbod, ville me nok ein gong - i praksis - gått ned i realløn. Det kan me ikkje godta, slår Milde fast.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han og kollega Borgen er sjølve organiserte i Skolenes Landsforbund. Milde er tillitsvald i forbundet.

— Det er fleire forbund som tek ut streikande i desse dagar. Flest er det Utdanningsforbundet som har. Dei har kring 1.350 i streik, skyt Borgen inn.

Burde trykt meir på

— Vil KS respondera?

— Tja. Det kan bli langvarig. Me er førebudde på å halda på ei stund, seier Milde.

— Me har alt sjekka prisar på varmedressar, smiler Borgen, før han meir alvorleg held fram:

— Heilt ærleg meiner eg at ein burde ha trykt meir til frå start og teke ut langt fleire lærarar slik at det ramma skikkeleg. Då kunne me kanskje oppnådd resultat i løpet av ei veke i staden for at det, som no, kanskje kan vara i mange veker, slår Borgen fast.

Dei to synest KS sit altfor stille i båten.

— Korkje me eller elevane er tente med at dette dreg ut. Når det er sagt, er me villige til å sitja lenge. Streikeviljen er faktisk veldig god, konstaterer dei to.

Artikkelen held fram under annonsen.

Plass til fleire i streiketeltet har dei også.

— No er me fem denne veka. Frå måndag av blir me to til, og endå skal me få plass til litt fleire, seier Borgen.

Han nyttar høvet til å skryta av kollega Milde.

— Det er Bertil som tek mest ansvar. Det er han som har med seg teltet og stolane og handlar inn vaffelrøre. Me andre er heldige som har ein så flink streikesjef, smiler Borgen.

Stor forståing

Og medan elevar og arbeidskollegaer hastar mot skulen, gjer dei raudkledde lærarane seg klare for nok lang dag i teltet.

— Det er sjølvsagt litt kjedeleg, men me får dagen til å gå med å steika vaflar. Til no har me steikt opp 10 liter røre kvar einaste dag, og elevane elskar det, ler dei.

— De smørjar elevane for å få sympati?

— Det er alltid bra å ha eit godt forhold til elevane, men jo, dei støttar oss, dei. Dei synest at me skal stiga i løn som alle andre, seier Milde.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Eit anna moment er at det bør og skal vera attraktivt å utdanna seg til lærar. Då må løna opp på eit konkurransedyktig nivå. Det er det viktig at ungdomen også ser, slik at me sikrar rekrutteringa til ei stor og viktig yrkesgruppe, seier Borgen.