Fartskontroll: Fredag formiddag blei det gjennomført fartskontroll sør for Skogafjellstunnelen.

Førelegga hagla: Tatt i 106 km/t i 80-sona

Fartskontroll fredag formiddag.

Utrykkingspolitiet gjennomførte fartskontroll i kommunen fredag.

Dei stilte seg opp sør for Skogafjellstunnelen i 80-sona.

Artikkelen held fram under annonsen.

I ein e-post skriv politioverbejent Atle Birkeland at 25 førarar fekk eit forenkla førelegg etter å ha køyrd for fort.

Sjåføren med høgast fart blei måla til 106 km/t.

Det er ikkje opplyst kor lenge UP var på staden.