Jørgen Wold har saman med to kompisar, Fredrik Andresen og Erling Johan Hareide, starta firmaet Chillax der dei sel den populære luftsofaen, Laxbag.
Jørgen Wold har saman med to kompisar, Fredrik Andresen og Erling Johan Hareide, starta firmaet Chillax der dei sel den populære luftsofaen, Laxbag.

Forrykande start for nytt firma

Har du høyrt om luftsofaen Laxbag? Osingar står bak produktet som har blitt utruleg populært på kort tid.

- Etterspurnaden er stor, og på kort tid har det blitt noko "alle" har sett på Facebook, seier Jørgen Wold.

- Kva er eigentleg Laxbag?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er ein luftsofa som ein enkelt fyller med luft ved å dra han gjennom lufta eit par gonger, seier Wold.

Stor suksess på Tysnes

Osingane og kompisane, Wold og Fredrik Andresen, har saman med Erling Johan Hareide nyleg starta sitt eige firma, Chillax.

- Chillax skal tilby fleire kule og innovative ting, men per no sel vi berre Laxbag, fortel Wold.

Det heile starta med at Wold såg originalen, Kaisr på nett, og tenkte at denne må vera perfekt å ha med seg på festival og liknande.
Det heile starta med at Wold såg originalen, Kaisr på nett, og tenkte at denne må vera perfekt å ha med seg på festival og liknande.
Kompisane rigga til Laxbag-telt på Tysnesfest. - - Det var heilt fantastisk på Tysnes. Vi rakk så vidt å blåsa opp Laxbagene før dei var opptekne, og om nokon gjekk vidare gjekk det få sekund før dei var opptekne igjen, seier Wold.

Osingen fortel vidare at dei hadde eit Laxbag-telt på Tysnes, med god utsikt mot hovudscenen på Tysnesfest.

- Det var heilt fantastisk på Tysnes. Vi rakk så vidt å blåsa opp Laxbagene før dei var opptekne, og om nokon gjekk vidare gjekk det få sekund før dei var opptekne igjen. Det var utruleg kjekt å sjå. Salet gjekk over all forventing til trass for nokre utfordringar, seier Osingen.

Betre enn venta

Det er berre seks veker sidan dei starta opp firmaet. Stadige hindringar i oppstartsfasen har tært på tolmodet, men no har det lausna for alvor.

- Det tok tid å få rett print, før heilagdagar i Kina utsette prossessen, og det tok tid å få produktet frakta til Noreg. Endeleg kan vi retta fokuset 100 prosent mot kundane. Starten har vore betre enn vi hadde trudd og håpa på, seier Wold.

Likte det dei såg

Det heile starta med at Wold såg originalen, Kaisr på nett, og tenkte at denne må vera perfekt å ha med seg på festival og liknande. Han sendte info om dette vidare til Andresen og Hareide som likte godt det dei såg.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Vi starta å sjå etter stader kor vi kunne kjøpa slike, men vi fann veldig få aktørar. Då kom vi på ideen om å selja sjølv. Prosessen gjekk veldig raskt, og etter mykje arbeid på kort tid var vi i gang med salet.

Fleire sel luftsofa

Seinare har fleire aktørar og kjeder, som til dømes XXL, starta med som sal av luftsofa.

- XXL og andre kjeder har kjøpt dei gjennom firma som sel produktet på Østlandet, seier Wold.