Gode nyhende: Kulturminister Abid Raja kom med gode nyheiter for breiddeidretten tysdag.

Forsiktig gjenopning av breiddeidretten frå fredag – vaksne får trena saman utandørs

Vaksne utøvarar i breiddeidretten kan trena organisert utandørs frå komande fredag.

Statsminister Erna Solberg (H) kunngjorde på ein pressekonferanse tysdag at trinn 1 i den nasjonale gjenopningsplanen vil gjelda i breiddeidretten frå komande fredag.

Det inneber at vaksne utandørs kan drive organisert trening dersom det er mogleg å halde god avstand.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er inga gruppe i Noreg som har ofra meir av kva ein har lyst til å gjera enn breiddeidrettsfamilien. Dei vaksne har ikkje drive med aktiviteten sin i snart 13 månader. Dei har halde ut lengst, lide mest, blødd mest. No ser eg endeleg lyset i tunnelen for dykk, sa Raja.

– Forhåpentleg vil det gi mange lyset som alle har leita etter. Dette er starten på slutten av den lange nedstenginga breiddeidretten har vore gjennom. Endeleg ser eg at det nærmar seg for dei, legg statsråden til.

Barn og unge under 20 år kan framleis trenar og delta på fritidsaktivitetar. Dei har òg unntak frå éinmetersregelen. Dette gjeld ikkje i kommunar med strengare tiltak enn dei nasjonale, slik det til dømes er i ei rekkje kommunar i Viken fylke no.

Les også
Tometeren blir skrota – no gjeld einmetersregelen igjen

Vurderer neste trinn i gjenopninga tidleg i mai

I starten av mai skal regjeringa vurdera om det er trygt nok å gjennomføra neste trinn i gjenopningsplanen.

– I første halvdel av mai vil vi vurdera om forholda ligg til rette for å gjennomføra trinn 2 i gjenopningsplanen i mai månad. Det vil sjølvsagt vera avhengig av smittesituasjonen, sjukdomsbyrda og kapasiteten i helsevesenet, sa statsminister Erna Solberg (H) under pressekonferansen tysdag.

I trinn 2 vil regjeringa prioritera lettar for barn og unge og studentar. Men det vil òg koma lettar for dei breiare lag av befolkninga. Det betyr mellom anna meir fysisk undervisning, at fleire kan samlast heime og i samband med arrangement og at skjenkjetida blir utvida til midnatt.

Dette er nok av dei nye, nasjonale koronatiltaka gjeldande frå fredag

Her finn du komplett oversikt

Artikkelen held fram under annonsen.

* Det blir oppmoda til å møta andre utandørs, og ikkje ha besøk av fleire enn fem gjester. Dersom alle gjestene kjem frå same husstand, kan ein vera fleire, men ein må kunna halda avstand.

* Dersom barn og unge trenar/øver med eit lag, foreininga eller liknande i ein annan kommune, vil dei kunna konkurrera med dette laget/denne foreininga så lenge smittesituasjonen tillèt det.

* Vaksne kan driva organisert aktivitet innandørs i grupper på inntil 10 personar, så lenge dei kan halde minst éin meters avstand.

* Utandørs kan vaksne drive organisert aktivitet, så lenge dei kan halde minst éin meters avstand.

* Maks 10 personar på innandørs arrangement utan faste tilviste sitjeplassar, men likevel inntil 50 personar på idretts- og kulturarrangement som samlar deltakarar under 20 år som tilhøyrer same kommune (nytt med 50 for kulturarrangement).

* Maks 100 personar på arrangement der alle i publikum sit på faste, tilviste sitjeplassar.

* Maks 200 personar på arrangement utandørs, men 600 personar (fordelt på 3 kohortar à 200 personar) viss dei sit på faste tilviste plassar og det er to meters avstand mellom kohortane.

* Same høve til å skjenka alkohol på arrangement som på serveringsstader.