17 døde fisk: Åse Møller-Hansen fann heile 17 døde fisk då ho var på tur i Mobergsvika laurdag. Ein annan tipsar melder om død fisk også i Vargavågen.

Forskar har ein teori etter funnet av død hestemakrell

Leif Nøttestad ved Havforskningsinstituttet har ein teori om kvifor det blei funne så mange døde hestemakrell i Mobergsvika laurdag.

Åse Møller-Hansen fann heile 17 døde fisk då ho var på tur i Mobergsvika laurdag. Ein annan tipsar melder om død fisk også i Vargavågen.

Bergens Tidende har snakka med Leif Nøttestad, som er seniorforskar ved Havforskningsinstituttet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han har ein teori om kva som kan vera årsaka.

— Vi har bak oss ein lang og kald periode som har kjølt ned sjøen. Det har vore nesten vindstille, og det har ført til sjikting eller lagdeling av vassmassane. Over tid har det blitt skilt ut eit lag med nesten reint ferskvatn mot overflata. Det frys ved null grader og finst i det øvste vasslaget over det tyngre, salte sjøvatnet, seier Nøttestad til BT.

Han skildrar vidare det at hestemakrellen svømmer inn i vassmassane som både er veldig kalde og inneheld lite salt, som ei dødsfelle. Mange saltvassfiskar toler ikkje ferskvatn.

— Difor trur eg at dette kan vera eit sannsynleg svar, men eg må få understreka at dette berre er ein hypotese, seier Nøttestad til Bergens Tidende.