Os kyrkje er ei listeført kyrkje og vert rekna som ein særleg verdifull del av vår kulturarv. (Arkivfoto)
Os kyrkje er ei listeført kyrkje og vert rekna som ein særleg verdifull del av vår kulturarv. (Arkivfoto)

Forslag til statsbudsjett: Glad for verdifullt bidrag

Regjeringa vil løyva 400.000 kroner til Os kyrkje og utbetring av yttartaket på den listeførte kyrkja.

- Det er positivt at Os kyrkje vert tildelt statleg tilskot som er øyremerkt til kontroll og utbetring av yttartaket på kyrkja. Endeleg kostnadsoverslag på arbeidet vil vi venteleg få om ikkje lenge. Løyvinga på 400.000 vil vera eit verdifullt bidrag til finansieringa av dette tiltaket, kommenterer ein nøgd kyrkjeverje, Gerhard Hansen.

Han legg til at Os kyrkje er ei listeført kyrkje. Det vil seia at Riksantikvaren skal gje fråsegn og råd omkring evt endringar og vedlikehald av kyrkja. Dei listeførte kyrkjene vert rekna som særleg verdifulle delar av vår kulturarv.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det må også leggjast til at dette er eit framlegg og skal gjennom handsaming i Stortinget. Men det ligg tydelege føringar i framlegget, så eit anna resultat vil nok overraske.

Regjeringa prioriterer totalt 50 millionar kroner til oppgradering av museumsanlegg og kyrkjer i framlegget til statsbudsjett som vart presentert i føremiddag.

- Det er eit betydeleg etterslep på vedlikehald av kyrkjer. Eg er glad for at staten no kan gi et tilskot som sikrar god framdrift i prosjekt på nokre viktige kyrkjebygg, og ved det bidra til auka sikring av freda og listeførte kyrkjer, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland.

- Løyvinga på 400.000 vil vera eit verdifullt bidrag til utbetring av yttartaket på kyrkja, kommenterer ein nøgd kyrkjeverje, Gerhard Hansen. (Arkivfoto)
- Løyvinga på 400.000 vil vera eit verdifullt bidrag til utbetring av yttartaket på kyrkja, kommenterer ein nøgd kyrkjeverje, Gerhard Hansen. (Arkivfoto)

Regjeringa føreslår å bruka 25 millionar kroner til oppgradering av museumsanlegg og 25 millionar kroner til istandsetting av kyrkjebygg. Tilskota er ein del av tiltakspakken mot auka arbeidsløyse på delar av Sør- og Vestlandet.

- Dette er et budsjett for arbeid, aktivitet og omstilling, seier Hofstad Helleland.

Tilskotet til museumsanlegg vil mellom anna gå til å byggja ny passasjerbåt til Lysøen.