Innbrot, kvistar i vegen og glatt veg: Politiet melder om fleire ulike oppdrag torsdag.

Forsøk på innbrot på Kuven. Innbrot i garasje i Varåsen

Det er dei siste dagane meldt om både innbrotsforsøk og innbrot.

Tidleg torsdag morgon fekk politiet inn melding om eit forsøk på innbrot i ein bustad ved Kuven stasjon. Det opplyste politiet torsdag.

I det tilfelle vakna melder av lyder utanfor, og vedkomande såg spor på garasjen som kan tyda på at det var nokon som forsøkte å ta seg inn der.

Artikkelen held fram under annonsen.

Berre timar seinare, kom det melding om eit innbrot i ein garasje i Varåsen.

Bjørnafjorden politistasjon opplyser at dei har vore begge stader og gjennomført åstadundersøking.

Fann stolen moped

Under ein presenning ved AMFI Os blei det torsdag funnen ein moped.

Meldinga kom inn til politiet rett før klokka åtte.

— Presenningen tilhøyrer nokre arbeidarar. Dette er ein moped som er stolen. Rett eigar kunne henta denne. Heldigvis var det ingen skader på mopeden, skriv politioverbetjent Anne Lyssand.

Glatt veg

Politipatruljen rydda bort kvister frå vegbanen i nærleiken av Lepsøykrysset torsdag ettermiddag. Lyssand opplyser at deler av eit tre var køyrd over av eit vogntog, og at det difor på Halhjemsvegen var ein del kvistar.

— Vegtrafikksentralen blei varsla, og patruljen rydda bort kvistar frå vegen.

Torsdag kveld kom det inn melding om glatt vegbane i Idrettsvegen.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Politiet var på staden og varsla kommunen. Dei kom og salta vegbanen. Vegen blei opna etter dette, skriv Lyssand.