Forsøkte å handla med annan persons kort: Ein mann fekk ikkje gjera opp for seg, då det blei oppdaga at kortet var stole.

Forsøkte å handla med kort som var stole

Mannen skal ha blitt stressa då tilsette i butikken peika på at kortet var stole.

Det var kring klokka 18 onsdag at politiet fekk melding om ein person som hadde forsøkt å betala for ei vare på Amfi Os med eit kort som var stole.

— Patruljen drog til staden. Det var ein mann i 30-40-åra, med svarte klede, caps og brungrøn sekk. Han blei stressa då dei tilsette hadde gjort han merksam på at han brukte eit kort som var stole, skriv politioverbetjent Anne Lyssand i ein e-post.

Artikkelen held fram under annonsen.

Elsykkel sakna

Nokre timar seinare blei det oppdaga at ein el-sykkel var stolen frå området Kiwi/Vartun.

— Hendinga vil bli meld, opplyser Lyssand.